Helmut Schmidt Bakgrunn | Studiar og militærteneste | Politisk karrière | Navigasjonsmenyutvide hanWorldCatBIBSYSVIAFGNDLCCNISNIBNFBNF (data)LIBRISSUDOC
EinskildmennFødde i 1918Døde i 2015Tyske kanslararTyske politikararFolk frå Hamburg
23. desember191810. november2015tyskSPDtysk kanslarsenatorHamburgForbundsdagenforsvarsministerfinansministerHamburgjødiskValéry Giscard d'EstaingartiumhærenBremenAustfrontenpremierløytnantBundeswehr1958kapteinmajorSPDForbundsdagenSovjetunionensenatorWilly BrandtspionasjeskandalenValéry Giscard d'EstaingOrganisasjonen for sikkerheit og samarbeid i EuropaFDPGSG9SomaliaNATOAfghanistanFDPHelmut Kohl
Helmut Schmidt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Helmut Schmidt | |
| |
Kanslar i Tyskland | |
Regjeringstid | 16. mai 1974–1. oktober 1982 |
---|---|
Parti | Sozialdemokratische Partei Deutschlands |
Fødd | 23. desember 1918 i Hamburg |
Fødestad | Hamburg |
Død | 11. november 2015 i Hamburg |
Dødsstad | Hamburg |
Mor | Ludovica Schmidt |
Far | Gustav Ludwig Schmidt |
Barn | |
Medlem | Atlanterhavsbroen Sozialistischer Deutscher Studentenbund Den trilaterale kommisjon American Academy of Arts and Sciences Marine-HJ |
Føregangar | Willy Brandt |
Etterfølgjar | Helmut Kohl |
Helmut Schmidt (23. desember 1918–10. november 2015) var ein tysk politikar og statsmann (SPD) som var tysk kanslar frå 1974 til 1982.
Før han blei kanslar var han senator i Hamburg, formann for SPD-fraksjonen i Forbundsdagen, forsvarsminister og finansminister.
Bakgrunn |
Helmut Schmidt blei fødd i Hamburg i ei protestantisk familie som son til to lærarar. Faren hans var fødd utanom ekteskap som son til ein jødisk forretningsmann. Dette vart halde skjult i familien, og blei først offentleg innrømma av Schmidt under press i 1984, etter at journalistar hadde fått greie på det frå vennen Valéry Giscard d'Estaing. I følgje Schmidt skjulte faren og han den jødiske bakgrunnen med dokumentfalsk for å unngå dei nazistiske jødeforfølgingane.
Studiar og militærteneste |
Schmidt tok artium i 1937, blei innrullert i hæren og gjorde teneste først ved luftskytset i Bremen. Etter ei kort tid ved Austfronten blei han sendt tilbake til Tyskland i 1942, og arbeidde deretter ved Riksluftfartsministeriet. Han gifta seg i 1942. I desember 1944 blei han premierløytnant og gjorde ved slutten av krigen teneste på vestfronten. Han blei tatt som krigsfange av britane i april 1945, og blei repatriert i august same året. Etter grunnlegginga av Bundeswehr blei han reserveoffiser. I 1958 deltok han på ei repetisjonsøving, og blei forfremma til kaptein i reserven. Ved ei seinare repetisjonsøving blei han forfremma til major i reserven.
Etter krigen studerte han økonomi og statsvitskap i Hamburg, og fullførte universitetsstudia i 1949 med hovudfag i sosialøkonomi.
Politisk karrière |
Helmut Schmidt blei medlem av SPD i 1946, og var leiar av partiet sin studentorganisasjon frå 1947-48.
Han arbeidde først i delstatsregjeringa i Hamburg, seinare for SPD si partigruppe i Forbundsdagen. Han blei sjølv vald inn i Forbundsdagen i 1953. Han blei medlem av SPD sitt sentralstyre i 1957. Frå 1958 markerte han seg som atomvåpenmotstandar; særleg var han motstandar av atomvåpen på tysk jord. Konservative politikarar ivra for at den tyske hæra skulle skaffe seg atomvåpen, og USA pressa på for å utstasjonere atommissil retta mot Sovjetunionen i Tyskland. I 1958 miste han setet i Forbundsdagen.
Frå 1961 til 1965 var han senator for innanrikssaker i Hamburg. Han fekk vellæte for den aktive rolla han tok under oversvømminga av byen i 1962. I 1965 blei han igjen innvald i Forbundsdagen, og blei leiar for SPD sin fraksjon i 1967 og viseformann i partiet i 1968. Han blei forsvarsminister i den nasjonale regjeringa i oktober 1969. Frå juli 1972 til november same året var han økonomi- og finansminister, og deretter fram til mai 1974 finansminister.
Schmidt blei tysk kanslar den 16. mai 1974 etter at Willy Brandt måtte gå av som følgje av spionasjeskandalen.
I motsetning til Brandt blei Schmidt rekna for å høyre til høgrefløya i SPD. Økonomien var den viktigaste saka i hans regjering. Det vart også arbeidd med å betre forholdet til Frankrike og den franske presidenten Valéry Giscard d'Estaing. Økonomisk blei han rekna som tilhengar av Keynes sine teoriar. I 1975 var han ein av grunnleggjarane av Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa. Etter vala i 1976 regjerte han i koalisjon med FDP. Han gav GSG9 ordre om å stanse gisseltakinga av Lufthansaflyet «Landshut» med makt i Somalia. Han gjekk sterkt inn for NATO-ekspansjon etter den sovjetiske invasjonen i Afghanistan.
Helmut Schmidt blei attvald som kanslar i november 1980. I februar 1982 vann han eit konstruktivt mistillitsforslag, men i september forlét fire FDP-statsrådar regjeringa. Etter forsøk på å halde fram som mindretalsregjering, blei han til slutt tvinga til å gå av den 1. oktober, og blei etterfølgd av Helmut Kohl.
Schmidt blei rekna for å vere veltalande og intellektuell, og snakka mange språk.
Denne historieartikkelen som har med Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1918
- Døde i 2015
- Tyske kanslarar
- Tyske politikarar
- Folk frå Hamburg
(window.RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.236","walltime":"0.383","ppvisitednodes":"value":1437,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":15529,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":3150,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":8,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":5,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":0,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":1,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 347.082 1 -total"," 81.48% 282.788 1 Mal:Infoboks_leiar"," 75.21% 261.028 1 Mal:Infoboks"," 9.28% 32.218 1 Mal:Autoritetsdata"," 6.20% 21.515 1 Mal:Spire"," 5.54% 19.245 2 Mal:KategoriKjønn"," 2.92% 10.145 1 Mal:Levde"," 1.62% 5.625 4 Mal:Spirekategoriar"," 1.53% 5.299 1 Mal:Emneikon"," 1.16% 4.026 1 Mal:Spireemne"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.125","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":2828908,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1273","timestamp":"20190418071601","ttl":86400,"transientcontent":true);mw.config.set("wgBackendResponseTime":134,"wgHostname":"mw1267"););