Skogshøns Innhaldsliste Skildring | Reproduksjon | Bestand | Artslista | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyThe eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8Norske navn på verdens fugler.Videoar av skogshønsmiljolare.no
SkogshønsFasanfamilien
hønsefuglarfasanfamilientemperertesubarktiskeden nordlege halvkulastandfuglarjaktamatfjørdekkestorfuglsnøsporarinsektvirvellause dyrkrokråsargruscecumsymbiotiskebakteriarfordøyercelluloserypenefjellrypelirypepolygameorrfuglfugleleikhanekammarvokaliseringarReiretegggauperevmårrovfuglarrypeartanehabitatStorbritanniaIrlandkragejerpebiotopendringarIUCNstorpræriejerpestorpræriejerpegunnisonjerpeerClementslistaJerpefjellrypelirypeorrfuglstorfuglNoreg
Skogshøns
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skogshøns | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Galliformes | |
Familie: | Phasianidae | |
Underfamilie: | Tetraoninae | |
Slekter | ||
Tetrao
|
Skogshøns er ei gruppe av sju slekter hønsefuglar og er ein del av fasanfamilien Phasianidae[1] som held til i tempererte og subarktiske område på den nordlege halvkula. Dei fleste artane er standfuglar. Skogshøns er tungt bygde fuglar som ofte blir jakta på til mat. Eit kjenneteikn er at føtene har fjørdekke til tærne.
Innhaldsliste
1 Skildring
2 Reproduksjon
3 Bestand
4 Artslista
5 Kjelder
5.1 Referansar
6 Bakgrunnsstoff
Skildring |
Til likskap med andre hønsefuglar har skogshøns tung kroppsbygging. Lengda varierer med art frå 31 cm til 95 cm, og vekta varierer frå 0,3 kg til 6,5 kg. Hannar er større enn hoene, dobbelt så tunge hos storfugl, den største medlemmen i gruppa. Skogshøns har fjørkledde nasebor. Beina er fjørkledde ned til tærne, og om vinteren har tærne òg fjører eller små skjel på sidene, ein tilpassing for å gå på snø og å grave i snø for å lage snøholer. I motsetnad til andre Galliformes, har dei ingen sporar.[2]
Ei hovudkjelde for føde kjem frå vegetasjonen, så som knoppar, raklar, blad og kvistar, rekna etter vekt gjer dette ut for typisk over 95 prosent av føda for vaksne fuglar. Men kosten varierer sterkt med årstidene. Kyllingar et i hovudsak insekt og andre virvellause dyr, når dei veks mot vaksen storleik vil dei gradvis redusere delen av animalsk ernæring. Til forskjell frå dei fleste andre virveldyr, kan fleire skogslevande skogshønsartar ete store mengder bartrenåler. Til hjelp for å fordøye vegetabilsk mat, har skogshøns godt utvikla kro og kråsar, et grus for å bryte opp maten, og har lange tarmar med godt utvikla cecum der symbiotiske bakteriar fordøyer cellulose.[2]
Artar som lever i skog flokkar seg berre haust og vinter, sjølv om einskildindivid tolererer kvarandre når dei møtest. Prærieartar er meir sosiale, og rypene er mest sosiale, dei dannar flokkar på opp til 100 om vinteren. Alle skogshøns held seg på bakken mesteparten av tida, men når dei blir skremte, kan dei ta av og gå inn i ein lang glideflukt.[2]
Dei fleste artane held seg innanfor hekkeområdet heile året, men kan gjere korte sesongmessige vandringar, mange individ av fjellrype og lirype vandrar hundrevis av kilometer[2].
Reproduksjon |
Hos alle artar unntatt lirype, er hannar polygame. Mange artar har ein utvikla oppvising på spelplass på bakken ved daggry og skumring, einskilde artar som storfugl og orrfugl har fugleleik. Hannar viser hanekammar i klåre farger, og nokre artar har oppblåsbare hudsekker på sidene av halsen. Hannane vise fram fjørdrakta, gjev vokaliseringar som varierer mykje mellom artane, og kan delta i andre aktivitetar som tromming eller flagring med vengene, rasling med halen, og gjer oppvisingsflygingar. Innimellom kan hannar slåst.[2]
Reiret er ei grunn grop på bakken, ofte under eit skjul, sparsamt fora av plantemateriale. Hoa legg eitt kull, men kan legge nye egg om kullet går tapt. Ho byrjar å verpe ei veke etter paring og legg eit egg kvar dag eller annan kvar dag, kullet består av 5–12 egg. Egga har form av hønseegg og er bleikgule med spreidde brune flekker. Når det siste eller nest siste egget er lagt byrjar hoa på ruginga over ein periode på 21–28 dagar. Kyllingane blir klekte med gulbrun dun og forlèt reiret umiddelbart. Dei utviklar snart fjører og kan fly litt før dei er to veker gamle. Hoa, og hos lirype òg hannen, held seg saman med ungane og vernar dei fram til første hausten deira, då dei når kroppsvekta for vaksne fuglar. Dei er kjønnsmodne neste vår, men ofte vil dei ikkje hekke før året etter.[2]
Bestand |
Skogshøns utgjer ein betydeleg del av virveldyrbiomassen i arktiske og subarktiske område. Populasjonen kan falle dramatisk i år med dårleg vêr eller høge rovdyrbestandar. Skogshønspopulasjonar er ein viktig matkjelde for gaupe, rev, mår, og rovfuglar. Men på grunn av store ungekull blant skogshøns, kan populasjonar kome seg raskt attende.
Dei tre rypeartane har oppretthalde tidlegare storleik på bestanden. Prærieartar og artar i skog har falle kraftig på grunn av tap av habitat, men populære jaktfuglar som underarten scotica av lirype i Storbritannia og Irland samt kragejerpe har drege nytte av biotopendringar. Dei fleste skogshønsartane er oppførte av IUCN som livskraftig eller nær truga, men storpræriejerpe og storpræriejerpe er oppførte som sårbar og gunnisonjerpeer oppført som truga. Nokre underartar og nokre nasjonale og regionale bestanda er òg i fare.[2]
Skogshøns er jaktvilt, og jegerar drep millionar kvart år for mat, sport, og anna bruk. Orrfuglhalefjører er eit tradisjonell ornament på hattar i Skottland og i Alpene.
Artslista |
Skogshøns i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Tetrao
Svartnebbstorfugl, Tetrao urogalloides, Black-billed Capercaillie, LC, Bonaparte, 1856
Storfugl, Tetrao urogallus, Eurasian Capercaillie, LC, Linné, 1758
Orrfugl, Tetrao tetrix, Black Grouse, LC, Linné, 1758
Kaukasusorrfugl, Tetrao mlokosiewiczi, Caucasian Grouse, NT, Taczanowski, 1875
Slekt Bonasa
Jerpe, Bonasa bonasia, Hazel Grouse, LC, Linné, 1758
Kinajerpe, Bonasa sewerzowi, Severtzov's Grouse, NT, Przewalski, 1876
Kragejerpe, Bonasa umbellus, Ruffed Grouse, LC, Linné, 1766
Slekt Centrocercus
Salviejerpe, Centrocercus urophasianus, Greater Sage-Grouse, NT, Bonaparte, 1827
Gunnisonjerpe, Centrocercus minimus, Gunnison Sage-Grouse, EN, Young, Braun, Oyler-McCance, Hupp & Quinn, 2000
Slekt Falcipennis
Amurjerpe, Falcipennis falcipennis, Siberian Grouse, NT, Hartlaub, 1855
Granjerpe, Falcipennis canadensis, Spruce Grouse, LC, Linné, 1758
Slekt Lagopus
Lirype, Lagopus lagopus, Willow Ptarmigan, LC, Linné, 1758
Fjellrype, Lagopus muta, Rock Ptarmigan, LC, Montin, 1776
Kvithalerype, Lagopus leucura, White-tailed Ptarmigan, LC, Richardson, 1831
Slekt Dendragapus
Blåjerpe, Dendragapus obscurus, Dusky Grouse, LC, Say, 1823
Sotjerpe, Dendragapus fuliginosus, Sooty Grouse, LC, Ridgway, 1873
Slekt Tympanuchus
Spisshalejerpe, Tympanuchus phasianellus, Sharp-tailed Grouse, LC, Linné, 1758
Storpræriejerpe, Tympanuchus cupido, Greater Prairie-Chicken, VU, Linné, 1758
Småpræriejerpe, Tympanuchus pallidicinctus, Lesser Prairie-Chicken, VU, Ridgway, 1873
Jerpe, fjellrype, lirype, orrfugl og storfugl er skogshøns som lever i Noreg.
Kjelder |
- Denne artikkelen byggjer på «Grouse» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2011
Referansar |
↑ 1,01,1 Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
↑ 2,02,12,22,32,42,52,6 Storch, Ilse; Bendell, J. F. (2003). «Grouse». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 184–187. ISBN 1-55297-777-3. Cite uses deprecated parameter|coauthors=
(hjelp)
↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff |
Videoar av skogshøns hos Internet Bird Collection- miljolare.no
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skogshøns
Kategoriar:
- Skogshøns
- Fasanfamilien
(RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.168","walltime":"0.211","ppvisitednodes":"value":521,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":9083,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":425,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":7,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":0,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":4311,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":0,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 150.671 1 -total"," 48.69% 73.363 1 Mal:Fotnoteliste"," 32.18% 48.491 1 Mal:Referanse:Clements6.8"," 30.72% 46.282 1 Mal:Citation"," 25.83% 38.919 1 Mal:Taksoboks"," 12.51% 18.842 1 Mal:Taksonominamn"," 5.14% 7.748 1 Mal:Cite_book"," 2.94% 4.433 1 Mal:Commons2"," 2.28% 3.439 1 Mal:Wikipedia-utgåve"," 1.85% 2.785 1 Mal:Referanse:NorskeFuglenamn"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.029","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":1478937,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1240","timestamp":"20190612141839","ttl":2592000,"transientcontent":false););"@context":"https://schema.org","@type":"Article","name":"Skogshu00f8ns","url":"https://nn.wikipedia.org/wiki/Skogsh%C3%B8ns","sameAs":"http://www.wikidata.org/entity/Q201240","mainEntity":"http://www.wikidata.org/entity/Q201240","author":"@type":"Organization","name":"Bidragsytarar til Wikimedia-prosjekta","publisher":"@type":"Organization","name":"Wikimedia Foundation, Inc.","logo":"@type":"ImageObject","url":"https://www.wikimedia.org/static/images/wmf-hor-googpub.png","datePublished":"2005-11-29T08:59:47Z","dateModified":"2014-12-20T12:19:05Z","image":"https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/d/d5/Ptarmigan9.jpg"(RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgBackendResponseTime":363,"wgHostname":"mw1240"););